poster

Pubkor

PUBKORET SKAL UT PÅ NORGESTURNÉ!
Likar du å syngje? Er du glad i ein fest? No dreg Pubkoret ut på turné, og du kan vere med!
Pubkor er ein kveld der vener, kollegaer, naboar, familie og totalt framande samlast for å lage eit kor saman – berre for éin kveld. Ingen forpliktingar, ingen opptaksprøve, berre herleg song! Kvar gong koret samlast, lærer vi ein ny song, så kvar kveld er unik. Du treng inga forkunnskap om korsong, men det er supert om du likar å syngje (til dømes i bilen, i dusjen eller på fest).
Alle stemmer er velkomne, uansett nivå, bakgrunn, ferdigheiter eller talent!
Pubkoret blir leia av dirigent Vetle Gjevestad Agledahl. Vetle står bak dei største Pubkor-arrangementa i Noreg, og fylte i august Bislett stadion med heile 2500 songglade menneske til det som blei europeisk rekord i Pubkor.
Velkomen til ein helaftan med gøyal stemning, låge skuldrer og song du garantert får på hjernen. Ta med deg gjengen – eller kom aleine – og bli med på ei av vårens aller hyggelegaste samlingar!
Arrangementet har 18 årsgrense grunna open bar

Kategori: KONSERT

Speletider

fredag, 10. april
Storsal: 19:30 - 22:30
poster

Kulturnatt 2026

Kulturnatt Etne 2026
Laurdag 18. april fyller vi Skakkesenteret med musikk, poesi og levande nynorsk kultur frå morgon til kveld.
Årets hovudartist er Stein Torleif Bjella, ein av våre mest markante låtskrivarar og visepoetar. Med si særeigne stemme og eit tekstunivers som rommar både det nære og det eksistensielle, har han ei heilt eiga evne til å treffe publikum – anten det er stillferdig eller med fullt trøkk.
Vi får òg møte Arne Torget, poet og sceneformidlar med leikande språk og skarpt blikk, og Berre Kristin (Kristin Straume), nynorsk poet som med nære og gjenkjennelege dikt har nådd eit stort publikum både digitalt og på scena.
Hauge, Vinje, Økland – side om side
Eit særleg innslag i år er prosjektet
«Hauge, Vinje, Økland, Hurra!»
Her samarbeider forfattar Einar Økland, artist og komponist Cecilie Anna Rønhovde og redaktør Svein Olav Langåker. Cecilie Anna har tonesett dikt av Økland, Vinje og Hauge, Økland les eigne tekstar, og dikta blir presenterte tematisk slik at dei tre nynorske lyrikarane står side om side. Resultatet er ei levande og dynamisk formidling av tre sterke stemmer i nynorsk lyrikk.
I år samarbeider vi også med Etne mållag, som feirar 100 år. Difor har vi eit ekstra fokus på nynorsk – som kunstnarleg uttrykk og som del av identiteten vår.
I tillegg til Bjella, Torget og Berre Kristin møter du Jarmer–Odeen kvartett, Torleif Sydnes, Etne musikklag, Etne skulekorps og Solveig Sørheim/Steinar Aalvik (på omsorgssenteret).

Kategori: Kulturarrangement

Speletider

lørdag, 18. april
Skakke: 11:00 - 23:59
poster

Slow Gardening ved Karin Weslien

Slow gardening er hagefilosofien som gir ein stressfri hagekvardag, utan krav og prestasjonspress. Dette er eit inspirasjonsføredrag som mellom anna tek opp mental helse, skaparglede og berekraft. Vi lærer om dei viktigaste prinsippa og grepa som trengst for å kunne nyte hagelivet med låge skuldrer. «Langsam haging» kan tilpassast alle hagestilar og interesser, og gir stor meirverdi – både for hagen, kloden og hageeigaren sjølv.

Kategori: Foredrag

Speletider

tirsdag, 08. september
Litlesalen: 19:30 - 21:00
poster

Linda Eide Språksjov

Me kjenner henne frå tv-programmet Eides språksjov. Nå går Linda Eide laiv, og dreg på turné! Det blir infotainment for alle penga når Linda i kjent stil hyllar og herjar med språket vårt, akkompagnert av både pianist og seniorkonsulent.

Velkommen til anekdoter, pensum, musikk, ettertanke, og rett som det er berre blott til lyst!

————–

Linda Eide – Sjovleiar med blokkfløyte og wind synth

Sjur Hjeltnes – Pianist med utdanning og innsikt

Halvor Folgerø – seniorkonsulent med fagott og bass

Kategori: show

Speletider

tirsdag, 06. oktober
Kinosalen: 19:30 - 21:00
poster

Oktoberfest med UL Fram

Saman med UL Fram arrangerer me Oktoberfest på Skakke, laurdag 24. oktober!
Meir info kjem, hold av datoen 🙂

Kategori: FEST

Speletider

lørdag, 24. oktober
Storsal: 20:00 - 01:30
poster

Anne-Kat. Hærland – Don`t panic 2.0

NY DATO!!
Ein oppdatert guide til kunstig intelligens.

«Don´t panic er relevant, modig, velskrive, morosam, opplysande og djupt original. Det er alt ein kan be om av ei moderne sceneforestilling. Derfor fortener den terningkast 6,» skreiv SN avis.
Nå er Anne-Kat. Hærland tilbake med ein oppdatert guide til kunstig intelligens, eit år etter det første sceneshowet sitt om KI i Oslo.

Anne Kat Hærland har fordjupa seg i kunstig intelligens i over tre år og har opparbeida seg omfattande kunnskap om temaet. I tillegg til å vera seniorkonsulent for Nora.ai er ho ein ettertrakta foredragshalder om temaet.
Nå er ho på nytt klar for å dela fascinasjonen og innsikta si frå scenekanten på ein måte berre Anne-Kat. kan. Dette er ei forestilling du ikkje vil gå glipp av – ei uforgløymeleg reise gjennom den fascinerande verda av kunstig intelligens, presentert med Anne-Kat. sin unike blanding av humor og skarp observasjon.

Kategori: Standup

Speletider

fredag, 20. november
Kinosalen: 20:00 - 21:15
poster

VitenShitShow – med Dennis Siva og Stian Sandø

Opplev det forrykande showet til Dennis Siva og Stian Sandø!

I ei årrekkje har dei fenga barn og unge med sitt sprudlande og lærerike sceneshow.
Her får du det beste – og det morosamaste – frå TV! Showet er ein festleg cocktail av flammar, eksplosjonar, latter og læring.

Dennis Siva Lie er ein prisvinnande programleiar og energisk formidlar. Han studerte biologi ved UiO, og med sterk lidenskap for klima og natur tek han med seg eit brennande engasjement inn i både føredrag og show. Han debuterte som programleiar for NRK i 2019 i det populærvitskaplege programmet Newton, og har sidan leia Superkroppen og Ikkje gjer dette mot klimaet. Med kombinasjonen av underhaldning og læring har han vunne både Emmy og Gullrute.

Stian Sandø er programleiar, TV-personlegdom og gründer. Han har studert Computer Science og Electrical Electronics ved NTNU, og er grunnleggjar eller medeigar i fleire selskap, mellom anna D-SCOR, Flare og Nerdekollektivet. Frå NRK kjenner mange han frå Newton, Sommeråpent og Unormal.

Kategori: show

Speletider

lørdag, 21. november
Kinosalen: 14:00 - 15:00